mandag 19. april 2010

MEDLEMSMØTET I APRIL

Mandag den 12. fekk me Jan Spurkeland på besøk og han skulle snakka om "Helse og humor". Han har utvikla ein teori om at når folk er i godt humør, aukar arbeidslyst og trivsel både på jobben og heime. Folk som trivst har betre helse og av det følgjer mindre sjukefråvær i arbeidslivet. Me som har kvitta oss med arbeidslivet vil og ha god helse, så teorien skulle vel passa på oss og ?

Jan har sine røter på strilelandet og har samla ihop mange løgne soger om strilar og byfolk. Desse er komne ut på vers mellom permar, spesielt er ho Spøt-Olina vorten kjend. I tillegg til Jan sine eigne tekstar, fekk me høyra nokon av Ivar Medaas sine mest kjende - som soga om dresskjøpet hjå Olsen & Nicolaysen.

Det var mykje lått og løye denne timen og helsa vart om ikkje betre, så heller ikkje verre. Bodskapen: god helse heng ihop med godt humør, gode historiar må vega opp for alt det triste som me ser og høyrer i media.

Neste medlemsmøte er 10. mai. Då er det utflukt til vakre Hardanger, påmeldingsfristen går ut den 20. april. Ring til Ivar og meld deg på, der er plassar ledige i bussen.