torsdag 8. mars 2012

ÅRSMØTE 5. MARS 2012

Snøklokker og fuglesong - våren er her!
 


Eit anna vårtegn er alle årsmøta i organisasjonar og lag, det går føre seg mest kvar dag i mars månad. Slik og hjå Postpensjonistane i Bergen som hadde sitt årsmøte den 5. mars kl 1200 i Ricksstuene, 34 medlemmer møtte denne dagen.

Årsmøtet har sin særeigne dagsorden. For å setja møtelyden i den rette stemninga er det først allsong med Ivar Aasen sin "Til lags åt alle kan ingen gjæra". I år som tidlegare mintes me kolleger som gjekk bort siste året, 13 medlemmer.

Vegard Bakka vart vald til dirigent og Magnhild Klubben til referent. Så gjekk det i tur og orden med årsmelding og rekneskap for 2011 og ny handlingsplan for 2012, alle godkjende utan merknader. Valkomiteen hadde gjort eit godt arbeid og framlegget til nytt styre og andre verv vart einstemmig vedteke.

Styre for 2012
Leiar Vegard Bakka, 2 år
Nestleiar Magnhild Klubben, 1 år
Sekretær Hjørdis Haarstad, 2 år
Kasserar Olav Soleide, 1 år
Styremedlem Ivar Austnes, 2 år
Styremedlem Ole Follesø, 1 år
Varamedlem Aud Liv Soleide, 2 år
Varamedlem Einar Erichsen, 1 år

Revisor
Sigrid Aske, 1 år
Jan Elias Bjorøy, 2 år
Odd Mykkeltvedt, vara for 2 år

Valkomite
Nils Klubben, 2 år
Per Louis Rasmussen, 1 år
Sonja Bjerkaker, 2 år

Leiar Vegard Bakka takka med ord og blomar Marit Sundal og Marit Færøy som gjekk ut av sine verv i valkomite og revisjon. Arnold Eide som gjekk ut av styret etter mange år og Olav Hauge som gjekk ut av revisjon var ikkje tilstades, men var prisa med gode ord for sitt arbeid i verva.

Gjester på årsmøtet var Atle Lerøy og Ida Morlandsstø frå Norsk Pensjonsforbund. Dei orienterte om aktuelle saker både for pensjonistforbunda og eldreråda i kommunane. Dei oppmoda alle til å engasjera seg i eldresaker og melda frå til eldreråda når noko ikkje er bra nok eller som forventa etter lovnader. Det er no gjennom samhandlingsreforma set ljos også på det førebyggjande arbeidet for eldre, noko som beviseleg kan utsetja behov for sjukeheimsplass for den enkelte.

Her fekk møtelyden mykje å tenkja på - og Vegard takka med gode ord og gåver før møtet gjekk over til den sosiale delen med kaffi/mat og loddsal. Me slutta av ca kl 1500.