søndag 12. januar 2014

MEDLEMSMØTE I JANUAR 2014

Den 7. januar 2014 møtte 47 medlemmer opp på medlemsmøtet for å høyra om  "Statsarkivet i Bergen - der historien bevares". Yngve Nedrebø var gjest, han er statsarkivar og har ei fartstid på over 40 år i denne etaten.

Statsarkivet i Bergen held til i ein gamal, freda bygning med eit nytt tilbygg som var ferdig i 2012. Arkivet har historisk verna materiale frå Hordaland og Sogn og Fjordane fylker. Mykje tekst og bilete er lagt ut digitalt, bl a opplysningar frå kyrkjebøker og folketeljingar med dei avgrensningar som lova set.


 
 
 Det finns ein del klenodier i samlinga. Eit døme er arkivet sitt eldste dokument som er tidfesta til ca år 1150.







Noregs eldste papirpengesetel er frå år 1695, eit påfunn av reiar og forretningsmann Jørgen Thor Møhlen frå Bergen som fekk løyve hjå Kongen i København til å laga og bruka papirpengane mot lovnad om å samla i hop tilsvarande verdi i sylv. Det gjekk ikkje, enden på visa vart bankerott og kongelig vreide for Møhlen. Men han har fått ein heil bydel i Bergen kalt opp etter seg.




Andre raritetar frå arkivet er eit brev frå Gjest Baardsen i 1823 til venninnna - ei mangfoldig dame som sat på tukthus i Bergen. Dei dreiv i same bransjen desse to.





Då Statsarkivet fekk til seg gamalt arkiv frå Bergen Politikammer følgde det med ymse saker og ting som var kverrsett av maksimalpris-inspektøren i Bergen 10. juni 1918, bl a ei brødskive med ost. Syndaren var Thesalongen i Kaigaten som var teken i å selja undervektige smørbrød. Bota var på kr 20,- og betalt den 6. juli.



Posten har levert mykje gamalt arkiv til samlinga; sirkulære, rutehefter, dokument om postvegar, oversikt over postopneri frå 1812 og mykje, mykje anna.

Ei stor takk til Yngve Nedrebø for ei interessant innføring i Statsarkivet sine løydomar. Dei held ope hus, det er berre å ta turen til Årstadvollen i Bergen.

Så var det aktuelle saker:
* nytt medlemsblad, første nr sendt ut ved nyttårstider. Etter meldingar å døma er bladet godt motteke hjå medlemene. Nytt nr kjem i mai-juni.
* påminning om verving av nye medlemmer og melding om adresseendring
* nytt frå turkomiteen v/Ivar Austnes - fleire kan melda seg på til Jersey-turen til hausten  i tilfelle nokon trekkjer seg. Det blir snart sendt ut innbyding til vårturen til Tysnes og Håheim Gard
* Vegard Bakka inviterer til etablering av ei historiegruppe. Interesserte medlemer tek kontakt med Vegard.

Så var det sosialt samvær med noko attåt. Neste møte er mandag 3. februar.