tirsdag 19. april 2016

MEDLEMSMØTET I APRIL

Mandag den 11. april møtte 46 medlemmer, ein strålande fin vårdag, vårkjensla sat i dei fleste. Då var eit naturleg songval "No livnar det i lundar", me song alle tre versa. Leiar Eli Ludvigsen ynskte velkomen og informerte om ledige plassar på turen til Austevoll den 3. mai, påmeldingsfrist same dag. Ordet vart gitt til dagens gjest Kjell Harald Lunde som fortalde om motstandsmannen Fredrik Kayser. Tema var "Kjemp for alt hva du har kjært". Kjell Harald Lunde er journalist med bakgrunn frå NRK. Han fortalde at han og andre i mange år freista å få til eit intervju med Fredrik Kayser, men at han var lite viljug til å snakka om krigsåra.

Kven var så Fredrik Kayser ?

 

Han var ein av våre mest dekorerte etter sin krigsinnsats. Motivasjonen var at fridomen var verd å kjempa for. Han vart tidleg speidar og vaks opp på Paradis i Fana. Han spelte bandy, rodde og hadde eit jevnt godt humør. Han melde seg som friviljug i vinterkrigen mellom Finland og Russland, og kom attende til Noreg 9. april 1940. Det vart fortald at då han såg ein tysk soldat stå vakt utanfor Posthuset i Bergen, vart han så sint at han bestemte seg for å kjempa mot okkupasjonen.

Fredrik Kayser var med i fleire stor motstandsaksjonar under krigen:

  • i september 1942 sabotasje mot tyske fly på Sola. Grunna veret kunne ikkje dette gjennomførast
  • 2, forsøk på sabotasje mot tungtvannsfabrikken på Rjukaqn. _Ein svært vellukka aksjon. Ikkje eit skot vart avfyrt og ingen menneskeliv gjekk tapt
  • ein aksjon med einmannsubåt for å sabotera tyske skip. Dette var den mest dramatiske aksjonen under krigen
  • 7. september 1944 med Shetlandsbåten til Måløy for å sabotera mot okkupasjonsmakta (Måløyraidet). Det var strabasiøst, og evakuering frå Bremangerlandet
  • Bjørn West og kampar i Matrefjella hausten 1944. Han fortalde om harde kampar i fjella og primitive tilhøve. 7 nordmenn miste livet i kampane der.


Fredrik Kayser takka i si tid ja til å halda foredrag for BKK arbeidarane i fjellhallen i Matre. Der fortalde han om slitet i fjella og at dei fekk mykje god lokal hjelp under aksjonen. Dette foredraget løyste ut eit samarbeid med Kayser og i 1997 kom boka "Sabotøren" skriven av Kjell Harald Lunde. Me fekk og sjå video frå opninga av Bjørn Westmuseet i Matre i 1994 der 280 gjester var tilstades, deriblant kong Harald. Kjell Harald Lunde fortalde historia om Fredrik Kayser varmt og engasjert og tegna eit godt bilete av mostandsmannen. Eit særdeles interressant foredrag som hausta stor applaus.