onsdag 29. april 2015

MEDLEMSMØTE I APRIL

Vår nye leiar Eli Ludvigsen ønskte velkomen til 46 medlemmer, spesielt velkomen til avgått leiar Vegard Bakka som hadde sagt frå seg vervet på grunn av helsesvikt. Han var ikkje tilstades på årsmøtet og difor var det no høve til å takka Vegard av som leiar etter ein 10 års periode. 


Eli takka Vegard for hans lange og gode jobb som leiar for Postpensjonistane i Hordaland. Han har sett spor etter seg og hatt eit stort og inderleg engasjement for laget, ikkje minst gjeld det songskatten og posthistoria. Vegard fekk gåvesjekk og blomar som takk frå alle oss medlemer. 

Vegard takka for si tid som leiar og for alle dei gode samværa med Postpensjonistane. Det har vore givande og lærerike år, sa Vegard. Oppmodinga frå han til oss var: sjå framover, finn saman, ver saman og ha det triveleg.

På programmet var det i dag song og musikk med Angel Band. Dei er lærarar frå St Paul skule i Bergen, eit mål for dei er meir song i skulen - bli glade av songen og i songane. I dag var det Eirik Sukke og Kristine Klubben som gjesta oss med trekkspel, gitar, ukulele, trompet og song. Litt på piano vart det og.



Me fekk høyra eit variert utval av songar frå den amerikanske roots-tradisjonen. I den møter folketonar frå innvandrarmiljøa svar blues frå slavetida. Dei starta med nokre songar av Gillian Welch - vakre ballader som "Annabelle" og "Orphan girl". Så var det ein gamal folketone frå Telemark som enda opp med taktskifte og improvisasjon på trompet. Noko var nytt for oss, men noko var frå kjende cøntri-idol, me song med i refrenget på "Jolene" av Dolly Parton og trampa takten til "Jacksson" av Johnny Cash og June Carter. Ein gamal kjenning var "Goodnight Irene" - me er mange som i ungdomen dansa siste dansen på strilelokalet til denne klassikaren. Den vart spela inn første gongen på plate av bluesmusikaren Huddie Lead Belly Ledbetter i 1933 og har sidan vore på repertoaret til alle dei store kanonene. 

Så var det vår tur - alle song "Englamark" av Evert Taube, denne visa handlar om den grøderike jorda med må ta vare på. Angel Band avslutta konserten med sin versjon av "What a wonderful world" som og er ein hyllest til Jorda og alt som lever her. Me hadde ein strålande musikktime med flinke og allsidige musikarar. Eli takka for opplevinga på vegne av oss alle og inviterte til kaffi og snittar.








lørdag 7. mars 2015

ÅRSMØTET I MARS

Postpensjonistane sitt årsmøte var 2. mars. Både leiar og nestleiar hadde fråvær og sekretær Hjørdis Haarstad ynskte 41 medlemer velkomne. Før det formelle årsmøtet starta var det ei stund stille for å minnast 14 medlemer som har gått bort siste året.

Eivind Tafjord leia årsmøtet, Hjørdis Haarstad var referent. Det var ingen merknader til årsmelding, rekneskap og arbeidsplan. Styret sitt framlegg til nytt namn på avdelinga var kommentert frå salen av fleire. Med ei endring i framlegget vart det vedteke at namnet på avdelinga heretter skal vera Postpensjonistene i Hordaland.

Leiarskifte.
Vegard Bakka hadde sagt frå seg attval etter 10 år som leiar i avdelinga. Eli Mathilde Ludvigsen vart vald til ny leiar. Ho takka for tilliten og gler seg til å ta fatt i ei ny rolle i styret. Den prioriterte oppgåva er å få fleire medlemer.

Nytt styre: leiar Eli Mathilde Ludvigsen, nestleiar Ole Follesø, sekretær Hjørdis Haarstad, kasserar Sonja Syslak Bjerkaker, styremedlem Ivar Austnes, styremedlem Gunnlaug Sand Granlund, varamedlem Magnhild Karine Klubben, varamedlem Einar Erichsen.
Revisor: Sigrid Aske, Jan Bjorøy, Odd Mykkeltvedt.
Valkomite: Per Louis Rasmussen, Per Trygve Mjeldheim, Aud Dagny Bendixen.

Gjeste på årsmøtet var som så mange gonger før Inger Johanne Knudsen.

Ho er leiar av Bergen eldreråd og Pensjonistforbundet Hordaland. Ei sprek dame som står på for dei eldre sine kår. Ho orienterte om Pensjonistforbundet sine krav til Statsbudsjettet for 2016. Desse krava er:

* Eit krafttak for dei som har minst. Pensjonistar må og førebu seg på realnedgang i pensjon.
* Bu i eigen heim så lenge som mogeleg. Det er godt å vera sjef i eige liv.
* Øyremerka driftsmidlar til kommunal eldreomsorg. Kapasiteten i sjukeheimsplassar er sprengt i Bergen kommune. Eldre vert kasteballar mellom institusjonane.
* Likt minstefrådrag for lønsinntekt og pensjonsinntekt.
* Aktivitetssentre for eldre med variert innhald som er i tida. Kravet er at det skal bli slike sentre i alle kommunar. Det er viktig at eldre som har helse til å vera aktive kan ha slike møteplassar og koma seg over dørstokkmila.

Sluttord frå Inger Johanne: engasjer deg der du kan i samfunnet - organisasjonar, eldreråd, friviljug arbeid - det er alltid nokon som har bruk for deg.

Så var det kaffistund og litt mat, det smaka godt. Folk hadde mykje å prata om kring borda.

lørdag 7. februar 2015

MEDLEMSMØTE I FEBRUAR

Det var stort oppmøte på medlemsmøtet den 2. februar. Ikke rart, programmet var lokkende, mange ville høre Gunnar Staalesen berette om Amalie Skram - jenten fra Bergen.


Gunnar Staalesen er selv en kjent forfatter og bergenser, kanskje mest kjent som far til Varg Veum, den litt lurvete privatdetektiven med kontor på Strandkaien. Men i dag er det Amalie og hennes historie. Hun var født i Bergen 22. august 1846 og hennes seineste aner var fra strilelandet og Sogn. Faren - Mons Monsen Alver var innvandrer fra Alversund og hennes mor - Ingeborg Lovise, født Hammersnæs, var født i Bergen av foreldre som kom fra Sogn og Nordhordland.

Amalie fikk åtte søsken, men bare fire gutter vokste opp sammen med sin vakre søster. Det meste fra barndomsårene er  kjent fra broren Ludvig sin dagbok. Hun fikk gå på byens beste pikeskole, var oppvakt og nyskjerrig. Bylivet i Bergen på den tid gav Amalie mange opplevelser av levekår både for fattig og rik, og mange inntrykk av byens originaler og skjebner. En fæl opplevelse var det nok at faren måtte flykte fra byen og dro til USa, han hadde stor gjeld og ville ikke i gjeldsfengsel. Mye av dette ble noe av grunnlaget for hennes forfatterskap som blomstret lenge etter at hun flyttet fra Bergen.


Hennes storverk - Hellemyrsfolket - skrevet i perioden 1887 - 1898 - ble til mens hun var gift med Erik Skram og bodde i København. Det er på grunn av dette verket hun er skrevet inn i litteraturhistorien som en av de fremste naturalister. Der viser hun at mennesket er fanget i sin skjebne forutbestemt av arv og miljø. Hun flyttet aldri tilbake til Norge. Hun var skuffet over hvor dårlig hun ble mottatt som forfatter i Norge og kalte seg "dansk forfatter". Da hun døde i 1905 ble  innskriften på urnen "dansk borger, dansk undersaat og dansk Forfatter".

Det ble stor applaus til Gunnar Staalesen for foredraget om jenten fra Bergen som levde et intenst liv med oppturer og nedturer - mye likt det hun skriver om sine bøker.

Vegard Bakka informerte litt om det kommende årsmøtet som blir den 2. mars. Da blir det årsmøtesaker og vi får besøk av Inger Johanne Knudsen fra Pensjonistforbundet. Hun vil orientere om kravene som stilles til regjeringen og Statsbudsjettet for 2016.

Ivar Austnes orienterte om hovedtrekkene i årets vårtur til Skjerjehamn, Mjømna og Eivindvik. Deretter ble det kaffe og snitter. Åresalget gikk strålende, alt utsolgt og kunne solgt mer. Nå må vi lage flere årer. Medlemstallet og oppmøtet øker.

VI SEES PÅ ÅRSMØTET 2. MARS




onsdag 7. januar 2015

MEDLEMSMØTE I JANUAR

Det var fullt hus då Postpensjonistane starta opp med første medlemsmøte den 5. januar i vinter/vårsesongen 2015. Nesten sytti medlemmer kom for å prata godt nytt år med kvarande og høyra Olav Kobbeltveit snakka om Jakob Sande sitt liv og dikting. Nestleiar Ole Follesø leia møtet og byrja med å helsa alle godt nytt år frå leiar Vegard Bakka.

 Olav Kobbeltveit er journalist og forfattar frå Kolltveit i Fjell kommune. Han har vore journalist i Bergens Tidende i mange år og er no kommentator i same avis. Han har bl a skrive bok om Valgjerd Svarstad Haugland og Lars Sponheim.
 
Tema i dag var "Jakob Sande i ord og tonar", ein populær diktar, særleg på Vestlandet. Fødd i Dale i Sunnfjord i 1906 og døydde i 1967 - han vart ingen gamal mann. Han let etter seg 9 diktsamlingar og 3 novellesamlingar. Mange av dikta vart tonesette og er framleis populære viser. Mange kor har eigne Sandeprogram og Jon Eikemo reiste landet rundt med sitt program om diktaren. Det ser ikkje ut som han skal gå av moten med det første. 
 
Olav Kobbeltveit innleia med diktet som Hartvig Kiran skreiv ved Jakob Sande sin død. Då hadde han nett feira 60 års dag, han var komen på sokkel i heimbygda og han hadde fått Dobloug-prisen, det såg han på som ei stor ære. I oppveksten var han skuleflink og fullførde artium på latinlina, deretter vart det studiar i Oslo. Han var ei tid lektor, men likte mykje betre å dikta. Dei fire som har æra for at det gjekk den vegen var bestefaren, tenestegjenta Oline, splinten Daniel og lensmann Kolbein Melvær som alle inspirerte han på ymse vis. 
 
Mange av dikta kom til etter sjømannslivet om bord i MS "Villanger" der han for verda rundt og opplevde sjømannslivet på båten og i hamner. I diktsamlinga "Frå Sunnfjord til Rio" skriv han om dette livet på godt og vondt. Diktinga hans har tema innom vestlandsnaturen, sjømannslivet, sosiale tilhøve og det klassiske: livet, kjærleiken og døden. 
 
 To av dei finaste visene hans er frå diktsamlinga "Guten og grenda", om vesle Daniel som skal ut på si første reis og når han kjem heimatt og fortel om sine eventyr i ukjende statar. Me fekk høyra desse to visene og nokre til med solosong av Olav Kobbeltveit, ei fin framføring. Han avslutta med å lesa diktet "Legende". Me som høyrde på hadde ein fin time saman med Olav og Jakob.
 
Så var det matøkt, åresal og drøs kring borda. Ivar Austnes snakka litt om vårturen til Gule og Skjerjehamn som blir tirsdag den 5. mai. Informasjon om turen kjem i posten.
 
 
 
 
 
 
 
 
 
    

torsdag 1. januar 2015

VEL MØTT I 2015

Velkommen til ny sesong 2015. Vi møtes på Grand Cafe og selskapslokaler, inngang fra Ole Bulls Plass, kl 1200 - 1500. -Inngangspenger kr 100,- pr person for servering, garderobe og lokaler mm.

Vinter/vårsesongens program blir;:

Mandag den 5.1.,Jakob Sande i ord og tonar, Olav Kobbeltveit kåserer

Mandag den 2.2.,En jente fra Bergen-Amalie Skram og Hellemyrsfolket,-Gunnar Staalesen kåserer

Mandag den 2.3., Årsmøte

Mandag den 13.4., "The Angel Band", musikk/sang v/Haldis Madsen, Eirik Sukke, Kristine Klubben

Tirsdag den 6.5., Vårtur - en rundtur til Gulen - og vel så det.

Vi ser frem til god oppslutning om møtene Som alltid blir det hyggelig samvær med enkel servering, åresalg og gode gevinster.

VEL MØTT !

Konserter i Grieghallen
Vil du gå på konserter i Grieghallen med dine pensjonistkolleger ? Vi er registrert som gruppe og får konsertbilletter til gruppepris. Programmet i Harmonien for kommende sesong er presentert og det er mye å glede seg til. Er du interessert - ta kontakt med Magnhild Klubben på mobil 92243641.

Vennlig hilsen

Styret

GODT NYTT ÅR !


Jula kom også i år, men no er ho over og me har starta så vidt på 2015. For å skoda litt attende, så var siste samlinga vår 25. november på julemøtet. Det var det tradisjonelle med god mat og drikke og ei triveleg bordsete. Fin trekkspellåt til songane før, under og etter maten. Kulturinnslaga under bordseta var gode minne frå den tida då postmengda var stor og alle måtte gjera ein innsats i julepostsorteringa den gongen på 50-60-70 talet. Ansgar Sunde sitt minne om Jakob Sande sin julesong "Det lyser i stille grender" er at Martin Abrahamsen - god og kunnskapsrik kollega - fortalde at i denne songen er det heile juleevangeliet som er fortald i desse få versa.  Øyvind Helleland mimra litt om sin første tur som kontrollør i landpostruta der han fekk ei uventa og uvanleg oppleving - dette var i den uskuldige tida. Så kom Postkoret og det vart julesongar og anna song - alltid eit populært innslag. Postkoret har mange fan i pensjonistlaget. Else Hauge takka for maten med ei god soge om bispen som sat til bords i gjestebodet og fekk korkje kniv eller gaffel. Gjenta meinte det ikkje trongs fordi verten hadde sagt at bispen åt som ein hest. Kvelden gjekk med gode samtalar kring borda i salongen og sprek dans til Olsvoll Duo - det var fin snert i fråsparka der. Den harde kjerne held ut til kl 1200, men då var det heimatt.


FINE MUSIKALSKE OPPLEVINGAR I GRIEGHALLEN I 2014



I 2014 har konsertgjengen hatt mange ugløymelege opplevingar. Vårsesongen starta me i januar med  lunsjkonsert - Bruch Fiolinkonsert v/Nicola Benedetti, i februar Valentinkonsert, lett program med Sjur Hjeltnes som både songar og konferansier og seinare i februar Wienerkonsert med musikarar og dansarar frå Wien. I mars såg og høyde me den flotte operaen "Gullhanen" av Rimskij Korsakov.

Etter sommaren starta Harmonien opp sin jubileumssesong - 250 år i 2015, stiftelsesdagen var 8. oktober 1765. Postpensjonistane er med på feiringa og hausten 2014 var det først Edvard Grieg "Peer Gynt Suite" med film på storskjerm av kunstnaren Alexander Polzin i oktober. I november var det den storslagne operaen "Aida" av Guiseppe Verdi med solistar frå den store operaverda der ute og seinare i november lunsjkonseret med Brams Fiolinkonsert der med fekk høyra den fantastiske fiolinisten James Ehnes. I desember var det "Romeo og Julie" av Hector Berlioz, stor symfoni med orkester, solistar og kor - ei sterk musikkoppleving avslutta året.





mandag 10. november 2014

MEDLEMSMØTE I NOVEMBER 2014

No regnar det kvar dag, det bøttar ned og på tvers, i Vossetraktene og Hardanger har det vore rekordnedbør og katastrofe. Mange tek det som varsel om at slik blir det i framtida. Men veret var ikkje tema på siste medlemsmøte. Det var godt oppmøte, 56 medlemer ville få med seg nyhende og eit program av det lette slaget.
 
Vegard Bakka starta med aktuelle saker. Det skal veljast nytt landsstyre for Postens Pensjonistforbund i mai 2015. Framlegg frå Postpensjonistane i Bergen er at Ole Follesø er kandidat til verv der. Turen neste haust går til Slovenia, informasjon er send ut til medlemene. Vårturen går i mai til Gulen og vidare til Skjerjehamn. Då vert det vandring på den gamle tingstaden i Gulen der skulpturparken med Bård Breivik sine 22 granittsøyler er eit imponerande syn.
 
I framlegg til statsbudsjett frå regjeringa er det litt av kvart. Mykje skal det no stridast om fram til jul. Vegard var inne på saka om "Den kulturelle spaserstokken" Denne ordningam vart starta opp i 2007 med midlar over statsbudsjettet. Det som ergrar mange no er at 30 mill til dette er tatt bort for å brukast på noko anna. Pensjonistforbundet har protestert kraftig på dette, men det er i Stortinget det må skje noko. Vegard er og opptatt av at eldre folk både kan og bør fortelja om tidlegare tider til  dei kom,ande slekter. Dette kan sjølsagt gjerast privat, men dei eldre sine ressursar på dette feltet kan og brukast i skular og lag.
 
Så kom den glade gjengen frå Brannkorpset som kallar seg "Sløkkisene". -Ikkje fordi dei er heilt sløkte, men dei sløkkjer brannar, må vite. Det er sjefen sjøl - Jan Ytre Arne - på torader med dei to kompisane sine, Jan Helge Alvær og Tor Bjørkås på tuba og vaskebrett. Alle song. Det gjekk mykje i kjende songar frå dei siste seksti åra, gamle Bergensviser, Johannes Kleppevik og fine valsar der toraderen strekte seg ut i all sin lengde. Nokon nynna med og trampa takten. Innimellom songane fekk me høve til å le av gamle og ny vitsar, nokon på kanten - ja, omtrent over kanten. Den beste var diktet av Jon Hjørnevik frå Voss - "Jolabord i enkeltmannsforetaket" Som av slutning fekk me Thorvald Nilsens "Udsikt fra Fløien" blåst på to kornettar og ein tuba. Takk til "Sløkkisene", det var vel blåst !