mandag 11. mai 2009

SISTE MEDLEMSMØTE I VÅRSESONGEN - TUR TIL STALHEIM


Den 4. mai skulle postpensjonistane i Bergen til Stalheim og møtast med sine frendar i Vossaveldet. Dei glade Bergensarane - som og er strilar, steig på bussen i Bergen og henta opp Åsanestrilar undervegs. Vegard hadde lese postsoga si og fortalde bl a om postbåten på Osterfjorden som sokk med mann og post. Dette hende i 1843 og tapet av postsekken var særs alvorleg sto det i eit rundskriv fra dep. Øyvind steig på bussen på Vangen, då fekk me lokal guiding og mykje godt vart sagt om den vene Vossabygda.

Me var heldige og fekk ein lokalkjend hotellmann til å følgja oss rundt på museet. I samlinga finns mange bygningar både for folk og fe, så denne dagen vart det eit utval.

Me vart først samla - heile 48 personar - i ei årestove frå 1600 talet. Her fekk me ei kunnskapsrik innføring i liv og lagnad i bondesamfunnet krydra med gode soger. Som den om postmannen som ikkje kunne leggja posten frå seg - det var strengt forbode - den skulle vera i rørsle heile tida undervegs. Men han fann på råd då han kom til tuns på Stalheim, la posveska i vogga og sette foten på slik at han kunne både eta og drikka godt medan vogga gjekk.

I skulestova kjende me oss att, Palestinakart og bilete av dyr og fuglar på veggen og vedovn frå golv til tak. Her song med "Den fyrste song...." alle versa.

Men tida gjekk fort og turen innom den store samlinga vart noko kort. Likevel, eit utval vart krydra med fleire morosame soger og historiske fakta om hotellet si soge.

Då klokka var 1300, vart me skyssa inn til lunsjbord og maten smakte godt. Det var og godt å sitja saman, kvila seg og røda om dette og hint. På heimturen vart det og underholdning, Ansgar Sunde fortalde om postgang i Eksingedalen i gamle dagar.

Ein særs triveleg dag - og særs triveleg å møtast med vossingar på heimebøen.

1 kommentar: