lørdag 22. august 2009

VÅRTUR TIL VAKRE SKEI I JØLSTER




Busstur til Skei i Jølster- dei som var med frå Bergen til denne vakre bygda tre dagar i mai - fekk kulturopplevingar i beste vestlandske tradisjon. Fleire hadde vore der før, men pytt, pytt - det beste kan opplevast fleire gonger. Mange postpensjonistar har og sine røter frå Sunnfjordtraktene - og er stolte av det.
Reisa frå Bergen og Hordaland over Vikafjellet gjennom Sogn til Sunnfjord kan by på den finaste vestlandsnatur. Her er fjellovergang, ferjereise, tunnellar og brear. I Fjærland er naturen også flytta inn i museum der folket kan læra om byrjinga og korleis dette vakre skaparveret kan bli lagt aude.

På Hopstock Hotel i Skei fekk reisefølgjet gode senger og god mat, så her var det berre å kosa seg. Dag 2 var det kultur og kunst i bygda som har minst to vidgjetne biletkunstnarar - Nicolai Astrup og Ludvig Eikaas, ein del av bileta heng i galleria her. Astruptunet er no museum og har fleire bygningar frå den tid målaren strevde med kunsten sin ved Jølstervatnet.

I Skei finns også gamle tradisjonar i vevnad av mange slag. Audhild Viken Vevstove er viden kjend og tilreisande kan få kjøpa med seg ekte varer frå bygda.

Ein fin kulturdag fekk ein fin slutt etter middag på hotellet om kvelden. Da vart reisefølgjet kjend med Jon Skrede - 78 år - som fortalde om sitt liv, han hadde mange hendingar å fortelja om både frå gamal og ny tid. Då han tok fram tekkspelet, vart det både spel og dans. Ein triveleg slutt på ein fin dag.
Om heimreisa dag 3 er det berre å sei at den gjekk fint kortaste veg til Bergen via Førde med buss, ferge og vel nøgde turdeltakarar.


2 kommentarer: