mandag 14. desember 2009

SISTE MEDLEMSSAMLING I 2009

Borda var pådekka og pynta til førjulsfest i Ricksstovene då postpensjonistane møtte til den siste samlinga dette året. I år var mange nye medlemmer påmelde, noko som var særs gledeleg. Syttifem medlemmer møttes til fest og nokon fekk oppleva det tradisjonelle julemøtet for første gong. Praten gjekk livleg i salongane før bordseta medan velkomstdrykken svala tungebanda.

Ved bordseta hadde matinntak og hyggeleg prat tonefølgje frå vår kjekke og flinke musikar - eit heilt orkester åleine. Stemninga var god gjennom dei tre rettane. Det vart lått og løye då Kirsten Haugland fortalde om kvardagen sin - ho har ein plan og mykje vert gjort - men ikkje alltid slik som tenkt. Postkoret kom og song gamle og nye songar, nokon meinte dei song betre i år enn på lenge. Dei avslutte med Deilig er jorden og då fekk me syngja med.

Bordseta vart avslutta med Takk for maten tale ved Ansgar Sunde. Han hadde lagt nokon alvorsord inn i talen - om dei som lite og ingenting har, og dei som har mykje. Noko er gale med fordelinga, men det vedkjem oss alle - kvar og ein. Ord til ettertanke - også i festleg lag.

Deretter var det kaffe avec i salongane medan salen vart rydda til dans. Folk hadde visstnok mykje å prata om, men etterkvart rykte det i dansefoten. Denne gjengen har mange spreke dansarar - alder ingen hindring. Den harde kjerne held ut til klokka vart vel midnatt.

Vi takkar Ricksstuene for god service, god mat og drikke - alt gjekk på skinner.

2 kommentarer: