
Tema i dag var "Jakob Sande i ord og tonar", ein populær diktar, særleg på Vestlandet. Fødd i Dale i Sunnfjord i 1906 og døydde i 1967 - han vart ingen gamal mann. Han let etter seg 9 diktsamlingar og 3 novellesamlingar. Mange av dikta vart tonesette og er framleis populære viser. Mange kor har eigne Sandeprogram og Jon Eikemo reiste landet rundt med sitt program om diktaren. Det ser ikkje ut som han skal gå av moten med det første.
Olav Kobbeltveit innleia med diktet som Hartvig Kiran skreiv ved Jakob Sande sin død. Då hadde han nett feira 60 års dag, han var komen på sokkel i heimbygda og han hadde fått Dobloug-prisen, det såg han på som ei stor ære. I oppveksten var han skuleflink og fullførde artium på latinlina, deretter vart det studiar i Oslo. Han var ei tid lektor, men likte mykje betre å dikta. Dei fire som har æra for at det gjekk den vegen var bestefaren, tenestegjenta Oline, splinten Daniel og lensmann Kolbein Melvær som alle inspirerte han på ymse vis.
Mange av dikta kom til etter sjømannslivet om bord i MS "Villanger" der han for verda rundt og opplevde sjømannslivet på båten og i hamner. I diktsamlinga "Frå Sunnfjord til Rio" skriv han om dette livet på godt og vondt. Diktinga hans har tema innom vestlandsnaturen, sjømannslivet, sosiale tilhøve og det klassiske: livet, kjærleiken og døden.

Så var det matøkt, åresal og drøs kring borda. Ivar Austnes snakka litt om vårturen til Gule og Skjerjehamn som blir tirsdag den 5. mai. Informasjon om turen kjem i posten.