torsdag 1. januar 2015

GODT NYTT ÅR !


Jula kom også i år, men no er ho over og me har starta så vidt på 2015. For å skoda litt attende, så var siste samlinga vår 25. november på julemøtet. Det var det tradisjonelle med god mat og drikke og ei triveleg bordsete. Fin trekkspellåt til songane før, under og etter maten. Kulturinnslaga under bordseta var gode minne frå den tida då postmengda var stor og alle måtte gjera ein innsats i julepostsorteringa den gongen på 50-60-70 talet. Ansgar Sunde sitt minne om Jakob Sande sin julesong "Det lyser i stille grender" er at Martin Abrahamsen - god og kunnskapsrik kollega - fortalde at i denne songen er det heile juleevangeliet som er fortald i desse få versa.  Øyvind Helleland mimra litt om sin første tur som kontrollør i landpostruta der han fekk ei uventa og uvanleg oppleving - dette var i den uskuldige tida. Så kom Postkoret og det vart julesongar og anna song - alltid eit populært innslag. Postkoret har mange fan i pensjonistlaget. Else Hauge takka for maten med ei god soge om bispen som sat til bords i gjestebodet og fekk korkje kniv eller gaffel. Gjenta meinte det ikkje trongs fordi verten hadde sagt at bispen åt som ein hest. Kvelden gjekk med gode samtalar kring borda i salongen og sprek dans til Olsvoll Duo - det var fin snert i fråsparka der. Den harde kjerne held ut til kl 1200, men då var det heimatt.


FINE MUSIKALSKE OPPLEVINGAR I GRIEGHALLEN I 2014



I 2014 har konsertgjengen hatt mange ugløymelege opplevingar. Vårsesongen starta me i januar med  lunsjkonsert - Bruch Fiolinkonsert v/Nicola Benedetti, i februar Valentinkonsert, lett program med Sjur Hjeltnes som både songar og konferansier og seinare i februar Wienerkonsert med musikarar og dansarar frå Wien. I mars såg og høyde me den flotte operaen "Gullhanen" av Rimskij Korsakov.

Etter sommaren starta Harmonien opp sin jubileumssesong - 250 år i 2015, stiftelsesdagen var 8. oktober 1765. Postpensjonistane er med på feiringa og hausten 2014 var det først Edvard Grieg "Peer Gynt Suite" med film på storskjerm av kunstnaren Alexander Polzin i oktober. I november var det den storslagne operaen "Aida" av Guiseppe Verdi med solistar frå den store operaverda der ute og seinare i november lunsjkonseret med Brams Fiolinkonsert der med fekk høyra den fantastiske fiolinisten James Ehnes. I desember var det "Romeo og Julie" av Hector Berlioz, stor symfoni med orkester, solistar og kor - ei sterk musikkoppleving avslutta året.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar