onsdag 29. april 2015

MEDLEMSMØTE I APRIL

Vår nye leiar Eli Ludvigsen ønskte velkomen til 46 medlemmer, spesielt velkomen til avgått leiar Vegard Bakka som hadde sagt frå seg vervet på grunn av helsesvikt. Han var ikkje tilstades på årsmøtet og difor var det no høve til å takka Vegard av som leiar etter ein 10 års periode. 


Eli takka Vegard for hans lange og gode jobb som leiar for Postpensjonistane i Hordaland. Han har sett spor etter seg og hatt eit stort og inderleg engasjement for laget, ikkje minst gjeld det songskatten og posthistoria. Vegard fekk gåvesjekk og blomar som takk frå alle oss medlemer. 

Vegard takka for si tid som leiar og for alle dei gode samværa med Postpensjonistane. Det har vore givande og lærerike år, sa Vegard. Oppmodinga frå han til oss var: sjå framover, finn saman, ver saman og ha det triveleg.

På programmet var det i dag song og musikk med Angel Band. Dei er lærarar frå St Paul skule i Bergen, eit mål for dei er meir song i skulen - bli glade av songen og i songane. I dag var det Eirik Sukke og Kristine Klubben som gjesta oss med trekkspel, gitar, ukulele, trompet og song. Litt på piano vart det og.



Me fekk høyra eit variert utval av songar frå den amerikanske roots-tradisjonen. I den møter folketonar frå innvandrarmiljøa svar blues frå slavetida. Dei starta med nokre songar av Gillian Welch - vakre ballader som "Annabelle" og "Orphan girl". Så var det ein gamal folketone frå Telemark som enda opp med taktskifte og improvisasjon på trompet. Noko var nytt for oss, men noko var frå kjende cøntri-idol, me song med i refrenget på "Jolene" av Dolly Parton og trampa takten til "Jacksson" av Johnny Cash og June Carter. Ein gamal kjenning var "Goodnight Irene" - me er mange som i ungdomen dansa siste dansen på strilelokalet til denne klassikaren. Den vart spela inn første gongen på plate av bluesmusikaren Huddie Lead Belly Ledbetter i 1933 og har sidan vore på repertoaret til alle dei store kanonene. 

Så var det vår tur - alle song "Englamark" av Evert Taube, denne visa handlar om den grøderike jorda med må ta vare på. Angel Band avslutta konserten med sin versjon av "What a wonderful world" som og er ein hyllest til Jorda og alt som lever her. Me hadde ein strålande musikktime med flinke og allsidige musikarar. Eli takka for opplevinga på vegne av oss alle og inviterte til kaffi og snittar.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar