onsdag 7. januar 2015

MEDLEMSMØTE I JANUAR

Det var fullt hus då Postpensjonistane starta opp med første medlemsmøte den 5. januar i vinter/vårsesongen 2015. Nesten sytti medlemmer kom for å prata godt nytt år med kvarande og høyra Olav Kobbeltveit snakka om Jakob Sande sitt liv og dikting. Nestleiar Ole Follesø leia møtet og byrja med å helsa alle godt nytt år frå leiar Vegard Bakka.

 Olav Kobbeltveit er journalist og forfattar frå Kolltveit i Fjell kommune. Han har vore journalist i Bergens Tidende i mange år og er no kommentator i same avis. Han har bl a skrive bok om Valgjerd Svarstad Haugland og Lars Sponheim.
 
Tema i dag var "Jakob Sande i ord og tonar", ein populær diktar, særleg på Vestlandet. Fødd i Dale i Sunnfjord i 1906 og døydde i 1967 - han vart ingen gamal mann. Han let etter seg 9 diktsamlingar og 3 novellesamlingar. Mange av dikta vart tonesette og er framleis populære viser. Mange kor har eigne Sandeprogram og Jon Eikemo reiste landet rundt med sitt program om diktaren. Det ser ikkje ut som han skal gå av moten med det første. 
 
Olav Kobbeltveit innleia med diktet som Hartvig Kiran skreiv ved Jakob Sande sin død. Då hadde han nett feira 60 års dag, han var komen på sokkel i heimbygda og han hadde fått Dobloug-prisen, det såg han på som ei stor ære. I oppveksten var han skuleflink og fullførde artium på latinlina, deretter vart det studiar i Oslo. Han var ei tid lektor, men likte mykje betre å dikta. Dei fire som har æra for at det gjekk den vegen var bestefaren, tenestegjenta Oline, splinten Daniel og lensmann Kolbein Melvær som alle inspirerte han på ymse vis. 
 
Mange av dikta kom til etter sjømannslivet om bord i MS "Villanger" der han for verda rundt og opplevde sjømannslivet på båten og i hamner. I diktsamlinga "Frå Sunnfjord til Rio" skriv han om dette livet på godt og vondt. Diktinga hans har tema innom vestlandsnaturen, sjømannslivet, sosiale tilhøve og det klassiske: livet, kjærleiken og døden. 
 
 To av dei finaste visene hans er frå diktsamlinga "Guten og grenda", om vesle Daniel som skal ut på si første reis og når han kjem heimatt og fortel om sine eventyr i ukjende statar. Me fekk høyra desse to visene og nokre til med solosong av Olav Kobbeltveit, ei fin framføring. Han avslutta med å lesa diktet "Legende". Me som høyrde på hadde ein fin time saman med Olav og Jakob.
 
Så var det matøkt, åresal og drøs kring borda. Ivar Austnes snakka litt om vårturen til Gule og Skjerjehamn som blir tirsdag den 5. mai. Informasjon om turen kjem i posten.
 
 
 
 
 
 
 
 
 
    

torsdag 1. januar 2015

VEL MØTT I 2015

Velkommen til ny sesong 2015. Vi møtes på Grand Cafe og selskapslokaler, inngang fra Ole Bulls Plass, kl 1200 - 1500. -Inngangspenger kr 100,- pr person for servering, garderobe og lokaler mm.

Vinter/vårsesongens program blir;:

Mandag den 5.1.,Jakob Sande i ord og tonar, Olav Kobbeltveit kåserer

Mandag den 2.2.,En jente fra Bergen-Amalie Skram og Hellemyrsfolket,-Gunnar Staalesen kåserer

Mandag den 2.3., Årsmøte

Mandag den 13.4., "The Angel Band", musikk/sang v/Haldis Madsen, Eirik Sukke, Kristine Klubben

Tirsdag den 6.5., Vårtur - en rundtur til Gulen - og vel så det.

Vi ser frem til god oppslutning om møtene Som alltid blir det hyggelig samvær med enkel servering, åresalg og gode gevinster.

VEL MØTT !

Konserter i Grieghallen
Vil du gå på konserter i Grieghallen med dine pensjonistkolleger ? Vi er registrert som gruppe og får konsertbilletter til gruppepris. Programmet i Harmonien for kommende sesong er presentert og det er mye å glede seg til. Er du interessert - ta kontakt med Magnhild Klubben på mobil 92243641.

Vennlig hilsen

Styret

GODT NYTT ÅR !


Jula kom også i år, men no er ho over og me har starta så vidt på 2015. For å skoda litt attende, så var siste samlinga vår 25. november på julemøtet. Det var det tradisjonelle med god mat og drikke og ei triveleg bordsete. Fin trekkspellåt til songane før, under og etter maten. Kulturinnslaga under bordseta var gode minne frå den tida då postmengda var stor og alle måtte gjera ein innsats i julepostsorteringa den gongen på 50-60-70 talet. Ansgar Sunde sitt minne om Jakob Sande sin julesong "Det lyser i stille grender" er at Martin Abrahamsen - god og kunnskapsrik kollega - fortalde at i denne songen er det heile juleevangeliet som er fortald i desse få versa.  Øyvind Helleland mimra litt om sin første tur som kontrollør i landpostruta der han fekk ei uventa og uvanleg oppleving - dette var i den uskuldige tida. Så kom Postkoret og det vart julesongar og anna song - alltid eit populært innslag. Postkoret har mange fan i pensjonistlaget. Else Hauge takka for maten med ei god soge om bispen som sat til bords i gjestebodet og fekk korkje kniv eller gaffel. Gjenta meinte det ikkje trongs fordi verten hadde sagt at bispen åt som ein hest. Kvelden gjekk med gode samtalar kring borda i salongen og sprek dans til Olsvoll Duo - det var fin snert i fråsparka der. Den harde kjerne held ut til kl 1200, men då var det heimatt.


FINE MUSIKALSKE OPPLEVINGAR I GRIEGHALLEN I 2014



I 2014 har konsertgjengen hatt mange ugløymelege opplevingar. Vårsesongen starta me i januar med  lunsjkonsert - Bruch Fiolinkonsert v/Nicola Benedetti, i februar Valentinkonsert, lett program med Sjur Hjeltnes som både songar og konferansier og seinare i februar Wienerkonsert med musikarar og dansarar frå Wien. I mars såg og høyde me den flotte operaen "Gullhanen" av Rimskij Korsakov.

Etter sommaren starta Harmonien opp sin jubileumssesong - 250 år i 2015, stiftelsesdagen var 8. oktober 1765. Postpensjonistane er med på feiringa og hausten 2014 var det først Edvard Grieg "Peer Gynt Suite" med film på storskjerm av kunstnaren Alexander Polzin i oktober. I november var det den storslagne operaen "Aida" av Guiseppe Verdi med solistar frå den store operaverda der ute og seinare i november lunsjkonseret med Brams Fiolinkonsert der med fekk høyra den fantastiske fiolinisten James Ehnes. I desember var det "Romeo og Julie" av Hector Berlioz, stor symfoni med orkester, solistar og kor - ei sterk musikkoppleving avslutta året.