lørdag 8. mai 2010

MARKERING AV 8. MAI I BERGEN POSTTERMINAL

Postkoret Bergen markerar fredsdagen i dag ved minneplata i Bergen Postterminal med helsing og vakker sang. Posten, Postkom og Postpensjonistane deltek og i markeringa og framfører sine helsingar til ære for postfolka som deltok i motstandsarbeidet.

Helsinga frå Postpensjonistane i Bergen er slik i dag:

8. mai - denne dagen er minnedagen for feiringa av freden i 1945. Det er 65 år sidan, og dei som hugsar dagen, hugsar den som ein stor festdag. Mange som hadde vore borte lenge kom heim i tida etterpå - gleda var stor. Men nokon kom ikkje heim, dei som var heime venta og venta, og vona i det lengste. Nokon av dei som ikkje kom heim har namn på minnetavla her. Nokon som enno lever, kjende dei og minnest. Me som ikkje kjende dei, skal og minnast. Me skal fortelja etterslekta om det som hende, og med all vår gode vilje - det må ikkje skje igjen.

For snar 70 år sidan - 17. mai 1940, kunne lyarane høyra diktaren lesa versa sine i radioen frå det enno frie Nord Noreg. I siste verset stig vona om overleving fram - det høver godt i dag å lesa dette for å æra dei som gjekk i striden den gongen:

"Her skal vi minnes de døde som ga sitt liv for vår fred,
soldaten i blod på sneen, sjømannen som gikk ned.
Vi er så få her i landet, hver fallen en bor og venn.
Vi har de døde med oss den dag vi kommer igjen."




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar