søndag 23. mai 2010

MEDLEMSMØTE OG KULTURDAG I HARDANGER


Den 10. mai var det dagstur til Hardanger - 39 medlemmer steig på bussen i Bergen, Åsane og Trengereid. Me såg fram til ein roleg busstur, hyggeleg samvær og gode kulturopplevingar. Første stopp var Norheimsund Fartøyvernsenter som ligg høveleg til ved fjorden like ved tettstaden. Her er båthus, kaianlegg, kinosal, kafe og administasjon.


Hyggelege vertsfolk tok imot og me vart sessa rundt borda til kaffi og lefse - det smakte godt. Av vertsfolka fekk me ei grundig innføring i Fartøyvernsenteret si soge. Kortversjonen er: kjøp og restaurering av jakta "Mathilde" i 1984, ferdig i 1989. Deretter "blod på tann" blant entusiastane med overgang til permanent drift som kompetansesenter for fartøyvern med attføringstilbod, lærlingeverksemd og reiseliv. "Mathilde" er på sjøen i mange slags oppdrag langs heile kysten, ungdom og vanlege folk mønstrar på og får oppleva kva det er å vera mannskap på ei seglskute.

På veggene i kafeen er det mange skutebilete - mange skuter vart bygde ved verfta i Hardanger og siglde sidan langs riksveg 1 med gods og folk. Her på senteret er dei ute etter skutene sine soger - eigarane, fraktene, mannskapet.



Me såg film om ferdsla på fjorden og båtbygginga i Hardanger, det var eit båtbyggeri mest på kvart eit nes i seglskutetida. Ingen vegar, ingen bilar og ferdsla gjekk like mykje langsetter fjorden som tvers over fjorden. Ei reise til Bergen tok gjerne fleire dagar den gongen. Det store skiftet kom med båtmotoren - og ei ny tid vaks fram.

I båthusa er det gamle båtar.








- og nye båtar.

Her vert ein ny Oselvar til på gamlemåten - alt med handemakt. Den gamle båtbyggjarkunsten er eit handverk som dei unge får læra her ved senteret.

Kunnskap om gamle båtar, båtbyggjing og restaurering av gamle båtar er samla her ved senteret. Gjennom Riksantikvaren har senteret fått status som nasjonalt kompetansesenter for fartøyvern.


Me postpensjonistane er interesserte og følgjer godt med når båtbyggjaren fortel om det praktiske arbeidet ved senteret. Den gamle dampen "Stord" er her stundom og får hjelp til ymse restaureringsarbeid. Fleire i følgjet vårt har i yngre år reist med postekspedisjonen på denne båten. Namna vert noterte for registrering i det historiske dokumentet om "Stord". Andre kjenningar ved kai er prinsebåten "Faun", av kongeleg byrd må vite.

Etter innhaldsrike timar i Fartøyvernvernsenteret tek me farvel med det hyggelege vertsskapet og entrar bussen. Ferda går vidare til Strandebarm Fjordhotell for lunsj og kaffi. Det summar livleg rundt bordet - om gamle dagar, gamle båtar og anna som er kjekt å prata om.
Ein vellukka tur og kulturdag for postpensjonistane - og ikkje berre for dei som likar båtar !












































































































































































































Ein film om ferdsla på Hardangerfjorden synte endringane frå gamal til ny tid, største spranget var då båtane fekk motor og alt byrja gå mykje fortare. I segltida kunne det gå mange dagar på ei reise til Bergen.
























Ute var det kald vind, men
















































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar