tirsdag 30. juli 2013

GODE NABOAR PÅ VITJING


Torgdagen i Bergen er ikkje berre for strilar. Folkeliv og båtliv er kystkultur og dette sameinar seg i Bergen ein laurdag kvart år i mai/juni. Då kjem kystfolket roande, siglande og dampande for å selja lefser og nubbesild og ha det triveleg. 
 
Våre gode pensjonistnaboar frå Sogn og Fjordane vitja Bergen i år på torgdagen den 8. juni. Det var yttra ynskje om å nytta høvet til eit meir intimt nabotreff  med Hordalandsfolket - og slik vart det. Det vart halde eit felles styremøte som var til nytte: korleis saker av felles art vert løyste på ymse måtar, og korleis framtidige vitjingar hjå kvarandre kan bli årlege treff, ja med andre ord: me går over grensa.
 
Slik vart det at den sosiale delen med samkome og middag om kvelden vart både livleg og minnerik. Det vart som om den store posthuslyden omsider var samla att og fekk høyra nytt om slekta.
 
 

1 kommentar: