tirsdag 30. juli 2013

UTFERD TIL STRILALANDET


Den siste samlinga for postpensjonistane før sumarferien var utferd til strilalandet i buss frå Bergen den 6. mai. Bjørka var ikkje sprotta og det låg snø langs vegen. Våren var i kjømdi, men enno ein draum om det gode livet. 

Dei 53 reisande hadde første stopp i Matre, ei plass kjend for kraftstasjon og høge fjell. Der vanka det kaffi med noko attåt på Einekavane kafe, deretter omvisning i Bjørn West-museet av styrar Arne Berg. Her er mykje norsk krigssoge samla frå 2. verdskrigen - både om trefningar med fienden og korleis levekåra var for dei som valde livet som motstandsfolk i Matrefjella.  Museet har ei samling våpen, utstyr, bilete og anna som er att etter dei som var der. Ein del bilete er sett saman i film med tale som fortel denne soga om Bjørn West.

Frå Matre går det ein smal og svingete veg opp i fjellet til Stordalen. Her ligg det mange hytter og ein gamal utferdsplass - Stordalen Fjellstove. Snøen låg i fjellsidene, men inne var det varmt og godt å vera. Lunsj med heimelaga kjøtkaker, kaffi og dessert smaka godt, loddsalet gjekk strykande, denne gongen med spanande gevinstar i vente.

Etter maten vart det ingen middagslur, men ferda gjekk vidare til neste oppleving - nærast ein topp å kalle. Utferdsfolket skulle vitja "Folket ved fjorden", kjend for heile Noreg gjennom film og fjernsyn. Men det var Magnhild Dyrdal og garden hennar som var målet, og ikkje minst pølsa hennar Magnhild.   Ho tok godt imot, fortale om garden, gardsdrifta og soga - ja korleis folk livnærde seg på slike plassar før og no. Det vart handel av pølser - også til gevinstar, men oppskrifta hennar får du aldri.

Folk let vel, turen og alt med den var ei oppleving både for kropp og sjel.

Etter referat av Hjørdis Haarstad som var med på turen.





1 kommentar:

  1. https://www.youtube.com/watch?v=tgTk8axAAtY&list=RDcXS5rcMLyIM&index=5

    SvarSlett