torsdag 6. mars 2014

ÅRSMØTE I MARS

Årsmøtet vart halde 3. mars med god oppslutnad. I Vegard Bakka sitt fråvær var det nestleiar Ole Follesø som helsa velkomen. Han vart vald til dirigent og Sonja Syslak Bjerkaker vart vald til referent.  Som skikken er vart dei avlidne medlemer siste året heidra med ei stund stille.

Årsmeldinga vart godkjent utan merknader, målet om å få 25 nye medlemer var nådd og vel så det. Likeeins vart rekneskapen godkjent, den synte godt overskot. Ingen framlegg var mottekne og styret sitt framlegg til arbeidsplan for neste år gjekk og gjennom utan endringar. Så då var det rett på val av styre og andre verv.

Valnemda hadde gjort eit framifrå arbeid med å finna fram til kandidatar som gjev god jamstelling mann/kvinne i alle verv - omframt 50/50. Framlegget frå valnemda vart vedteke og slik ser det ut:

Styret: leiar Vegard Bakka, nestleiar Ole Follesø, sekretær Hjørdis Haarstad, kasserar Sonja Syslak Bjerkaker, styremedlem Ivar Austnes, styremedlem Eli Mathilde Ludvigsen, 1. vara Gunnlag Sand Granlund, 2. vara Einar Erichsen.

Revisor: Sigrid Aske, Jan Elias Bjorøy, vara Odd Mykkeltvedt

Valnemd: Per Louis Rasmussen, Per Trygve Mjeldheim, vara Aud Dagny Bendixen

Takk for innsatsen: Aud Liv Soleide gjekk ut av styret og vart takka med blomekvast og gode vel fortente ord frå nestleiar Ole Follesø.

Per Vike takka styret for eit framifå arbeidet med  programma for medlemsmøta med interessante/aktuelle tema og flinke, engasjerte gjester kåsørar.

Årsmøtet var med dette offisielt avslutta og dagens gjest frå Pensjonistforbundet fekk ordet.  Nestleiar Atle Lerøy møtte for leiar Inger Johanne Knudsen. Atle Lerøy er også leiar av Fana Pensjonistforening. Han fortalde litt om kva som rører seg sentralt og lokalt i Pensjonistforbundet,
bl a om dette:

Sentralt vert det snakka mykje om aktivitetssentre for eldre, men praten går no også om at slike sentre kan bli møteplass for fleire generasjonar. Eit anna tema i tida er teknologi hjelpemidlar, her er utviklinga i fullt driv, men mange kjenner ikkje til alt det nye og kva som er mogeleg. Kunnskapen om det må ut til folket og det må pensjonistforeiningane hjelpa til med. Tannhelse er ein gjengangar i alle utspel, at tenner er ein del av kroppen og bør få status med eigenandel i helseøkonomien. Så er det bustader og uterom - korleis tilpassa betre for eldre med gate/vegljos, snørydding og strøing for skrøpelege bein. Kulturtilboda for eldre har betra seg mykje med god økonomi gjennom den kulturelle spaserstokken.

Lokalt. Pensjonistforbundet Hordaland har pr dato 4 325 medlemer i fleire lokale lag som er samla i gaografiske regionar. Laga har sine eigne møter og samlast i fellesmøter innan regionane. I 2013 var det 50 årsjubileum og dette vart feira med store fellesmøter over heile fylket. I april vert det dagkonferanse i Bergen i regi av Pensjonisforbundet og Eldrerådet. Bl a er Samhandlingreformen på dagorden. Eit anna tema som skal diskuterast er einsemd. Elles har Pensjonistforbundet Hordaland drege i gang eit samarbeid med Knarvikmila, spanande å sjå kva som kjem ut av det.

Ole Follesø takka Atle Lerøy med blomekvast. _Den sosiale delen av møtet held fram og drøsen gjekk fint føre seg rundt borda med kaffi, snittar og loddsal.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar