fredag 23. mai 2014

TUR TIL TYSNES I MAI

Postpensjonistane i Bergen og Omland - 54 i talet -  reiste på dagstur til Tysnes den 6. mai 2014. Dagen starta på Bergen Bystasjon der me venta på bussen godt kledde og rusta for vestlandsver. Me nådde ferja på Halhjem og då var det kaffi og svele over fjorden mot Våge.

Me steig i land på Gudane si øy som i våre dagar heiter Tysnes, det er og namnet på kommunen. Hugs å sei Tysnes med lang y slik dei innfødde vil ha det.Namnet kjem frå den norrøne guden Tyr som var krigsguden. Men det var frå 1500-talet, før det heitte øya Njardarlog etter guden Njord som styrte med havet. Dette fekk me veta hjå guiden vår, Helge Hauge. Han er tidlegare lærar og ordførar i Tysnes og kan mykje om øya si soge.

Me køyrde rundt heile øya og Helge Hauge fortalde heile vegen om det gamle og det nye Tysnes. Folk her har  vore sjøfarande til alle tider. Den første sjømannen er nemnd i Heimskringla - Thordur heitte han og var hyra på Ormen Lange i slaget ved Svolder. Seinare i soga er staden kjend for jektefart på Nord-Noreg på 1800-talet og under 2. verdskrigen var mange sjøfolk frå Tysnes i utanriks fart.

Første stopp var Årbakka - den gamle handelsstaden som no er museum og ligg som ei perle ved sjøen på austsida av øya. Her finn me den gamle krambua, det gamle postkontoret og den gamle sjøbua - alt slik det eingong var då folk for sjøvegen langs kysten. I den gamle krambua er det mykje rart, både gamalt og nytt, noko er til sal: sokkar, heklekløparar og gryteklutar heng freistande under taket. Kongen av Danmark i spisspose er ei populær vare.

 
 
I den smale gangen utanfor krambua ser me inn i eit ørlite postkontor og på hylla står ryggsekken for postomberinga. Den har posthornet i sølvfarga metall festa på loket. På veggen utanfor heng det plakatar frå Det Sunnhordlandske Dampskipsselskap med rutebrigde for joleruter og pinseruter i 1942. Tvers over tunet frå krambua ligg sjøhuset. Det lokale kystlaget har noko av samlinga si her på Årbakka, men manglar plass så mykje ligg på lager. På veggen heng bilete av gamle jekter, bord og hyller er fulle av verktøy og utstyr til båtar frå gamal tid. Formannen i kystlaget, Oddvar Meland for tel at laget har 70 medlemer. År om anna ror dei "Tysnes Rundt", det tek 2 - 3 dagar.
 
Neste stopp er Onarheim kyrkje frå 1893. Den var bygd på same grunn som ei gamal steinkyrkje frå 11-1200 talet.
 
 
Soga seier at denne plassen i gamal tid var ein tingplass og at Onarheimsgildet var samla her ved olsoktider fram til reformasjonen. Onarheimsgildet hadde lokale lover og reglar for korleis folk skulle te seg og gjera opp for seg.
 
 
*Etter kyrkjevitjinga gjekk ferda vidare med bussen forbi Uggdal og opp i utmarka, der ligg Haaheim Gaard og der venta lunsjen og gjestgjevaren - Torstein Hatlevik.
 
 
 
Denne palssen kjøpte Torstein -Hatlevik i året 2000, men då såg det ikkje slik ut her. Her er satsa mykje arbeid og pengar, og staden har no fått plass på ei eksklusiv hotelliste: "De historiske perler". Før maten fekk me musikalske innslag med verten sjøl på sekkepipe og song til piano. Så kom det god mat i store fat og avslutning med kaffi og lekker dessert. Nokon kjøpte godt drikke i høge glas og stemninga steig passeleg til utlodninga med gevinstar frå hotelbutikken. I desse lokala var det mykje rart å kvila augene på, ja til og med småroma var pynta med korsett, nattkjolar, mamelukker og anna unevneleg.
 
 
 
Så var det farvel til Haaheim Gaard og den fine hagen. Den lange turen heim gjennom _Fusa og Samnanger gjekk fint utan uhell av noko slag. Me takkar turkomiteen for ein fin dag !

 

 
 


 
 
 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar