mandag 10. november 2014

MEDLEMSMØTE I NOVEMBER 2014

No regnar det kvar dag, det bøttar ned og på tvers, i Vossetraktene og Hardanger har det vore rekordnedbør og katastrofe. Mange tek det som varsel om at slik blir det i framtida. Men veret var ikkje tema på siste medlemsmøte. Det var godt oppmøte, 56 medlemer ville få med seg nyhende og eit program av det lette slaget.
 
Vegard Bakka starta med aktuelle saker. Det skal veljast nytt landsstyre for Postens Pensjonistforbund i mai 2015. Framlegg frå Postpensjonistane i Bergen er at Ole Follesø er kandidat til verv der. Turen neste haust går til Slovenia, informasjon er send ut til medlemene. Vårturen går i mai til Gulen og vidare til Skjerjehamn. Då vert det vandring på den gamle tingstaden i Gulen der skulpturparken med Bård Breivik sine 22 granittsøyler er eit imponerande syn.
 
I framlegg til statsbudsjett frå regjeringa er det litt av kvart. Mykje skal det no stridast om fram til jul. Vegard var inne på saka om "Den kulturelle spaserstokken" Denne ordningam vart starta opp i 2007 med midlar over statsbudsjettet. Det som ergrar mange no er at 30 mill til dette er tatt bort for å brukast på noko anna. Pensjonistforbundet har protestert kraftig på dette, men det er i Stortinget det må skje noko. Vegard er og opptatt av at eldre folk både kan og bør fortelja om tidlegare tider til  dei kom,ande slekter. Dette kan sjølsagt gjerast privat, men dei eldre sine ressursar på dette feltet kan og brukast i skular og lag.
 
Så kom den glade gjengen frå Brannkorpset som kallar seg "Sløkkisene". -Ikkje fordi dei er heilt sløkte, men dei sløkkjer brannar, må vite. Det er sjefen sjøl - Jan Ytre Arne - på torader med dei to kompisane sine, Jan Helge Alvær og Tor Bjørkås på tuba og vaskebrett. Alle song. Det gjekk mykje i kjende songar frå dei siste seksti åra, gamle Bergensviser, Johannes Kleppevik og fine valsar der toraderen strekte seg ut i all sin lengde. Nokon nynna med og trampa takten. Innimellom songane fekk me høve til å le av gamle og ny vitsar, nokon på kanten - ja, omtrent over kanten. Den beste var diktet av Jon Hjørnevik frå Voss - "Jolabord i enkeltmannsforetaket" Som av slutning fekk me Thorvald Nilsens "Udsikt fra Fløien" blåst på to kornettar og ein tuba. Takk til "Sløkkisene", det var vel blåst !
 


5 kommentarer: