tirsdag 8. mai 2012

TIL VEGLAUSE GRENDER LANGS SOGNEFJORDEN

Kalendaren viste at våren var komen, men gradestokken viste berre null og litt over då 27 postpensjonistar tok ut på langferd den 7. mai tidleg morgon. Men i bussen var det varmt og godt å sitja. Målet for turen var veglause grender på sørsida av Sognefjorden og då gjekk første etappe gjennom Vossebygda og vidare over Vikafjellet til Vik i Sogn.



Slik såg det ut på Vikafjellet denne vårdagen, men vegen var rein for snø og nede på Vikjaøyri bløma påskeliljene. Me gjorde ein sving innom Hopperstad stavkyrkje som er ei av heile tre kyrkjer i denne bygda. Stavkyrkja er gamal og slik ser ho ut og, men bør takast vare på som det spesielle kulturminne ho er.
Vikjaøyri er einaste plassen i landet som enno lagar ekte Gamalost og er kjend for det. Då vart det handel i meieriutsalet, nokon visste kva dei kjøpte, nokon måtte få smaka på godsakene før dei våga seg til med eit kjøp. Så me for derifrå med eit lite stykke kulturminne i veska.
Det var tid for ei tidleg middagsstund, så me vart sessa kring borda i "Dampen Pub og Bistro". Der sytte eigaren og kokken for eit godt måltid med mykje mat på fatet og  ein særleg god karamellpudding til dessert. Der sat me og rødde og åt, takka fint for oss og gjekk til kaien der ferja "Sylvarnes" venta. Så bar det ut fjorden i god fart, båtruta er einaste samband på desse stadene - 3 gonger i veka med varer og post: Arnafjord, Vollavik, Sylvarnes, Hanekamb, Vetlesand, Alrek, Nybø, her ligg dei på  rekkje og rad utover. 
Finnafjorden er ein smal tarm av ein fjordarm med den kjende garden Finden der Synnøve byrja med ostane sine. På flo sjø gjekk M/F Sylvarnes utan vanskar inn til den einbølte garden Finnabotn som no er fråflytta. Me turistane var oppglødde over det vakre natursynet  inst i fjorden med dei snøkledde fjella over og undra oss over det folkeslaget som i gamal tid busette seg her.


Både buss og folk vart sette på land i Ortnevik, ferda gjekk vidare landevegen til Massnes og villmarksenteret hjå Olav Fridtun. Der vart me bedne inn til langbord med kaffi og kaker. Her sat me i eit levande museum der gamle saker låg utover bord og benker, hang på vegger  og oppunder tak, samla ihop av Olav gjennom mange år. På eit lite bord nett innom døra låg ABC-boka, Bibelsoga og den vesle Katekisma, vel attkjennande frå skuledagane for 60 år sidan.



Gamle, fine saker alt saman, men det gjevaste er likevel alle dei ville dyr og fuglar som i utstoppa tilstand har fått nytt tilvære i denne samlinga i dette huset. Her er alle med i alle storleikar - og alle sortane finns enno ute i den norske naturen. Me får vona at slik vil det også bli framover, elles må me reisa til Olav om nokre år for å sjå korleis bjørnen, ulven, jerven og gaupa såg ut før dei vart utrydda frå den norske fauna.

     
Det var ikkje lett å riva seg laus frå dennne merkelege staden. Ute i skogen kneppa tiuren. Han var rett nok gjerda inne for oppdrett, men ikkje noko vanleg syn for oss frå bydn. Men alt har ein ende, me tok farvel med Olav og sjåfør og buss tok oss trygt heim etter ein dag rik på opplevingar. Fleire postpensjonistar får oppleva dette, same turen går og den 22. juni i år.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar