mandag 24. september 2012

HØSTSESONGEN ER I GANG

Det første medlemsmøtet i haust var den 3. september. 58 medlemmer møtte opp for å høyra song og musikk og for å prata sjølv.
 
 

 
Programmet for dagen var eit song og lyrikkprogram med kjende dikt og tonar frå den norske kulturskatten, men me fekk og høyra songar frå andre land. Kjersti Wiik song og las dikt medan Trond Fykse gav tonefølgje. Kjersti er frå Lindås og har samla gamle songskattar frå heile Nordhordland. Mykje er gjeve ut på CD, bl a "Strilesølv"

Kjersti Wiik har lenge arbeidt med kjende vestnorske lyrikarar som Olav H. Hauge og Aslaug Låstad Lygre. Dei var godt representerte denne stunda saman med den vestnorske komponisten Per Indrehus. Nokon vert meir kjende enn andre, men dei mindre kjende har og laga fin lyrikk og musikk. Dette fekk med døme på med "Bånsudl", tekst og melodi av Per Hundvin frå Lindås og Kåre Håland som har komponert musikken til diktet "Lukka" av Aslaug Låstad Lygre. Eit morosamt innslag var "Gje meg eit mannskor" av Inger J. Røisli, ei moderne lovprising av ei gamal kunstform.

Me som var der fekk ein god time med givande tekster og vakker song - noko som lyfter sjela ut or kvardagen og alt som dett over oss på anna vis.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar