mandag 30. desember 2013

JULEMØTE

Julemøtet den 26. november var i god, gamal tradisjon - her møter folket opp i finstasen og benkar seg rundt festborda med høge glas og levande ljos. Denne gongen var me i nye rom i Grand Cafe og Selskapslokaler. Mange av oss hugsar same plassen og den store salen der me hadde juløetrefestane for den store postfamilien i gamle dagar for 30 - 40 år sidan.

Julemøtet er meint å vera ei hyggeleg og verdig avslutning på året - slik også i år. Me starta i salongstovene med noko godt i glaset og godprat rundt småborda. Så var det bordseta med trerettars middag og endå meir godt i glasa. Nesten same mat som tidlegare år, og me song dei gode, gamle songane. Vegard Bakka leia bordseta og fortalde om "Julestompen" og den lange, kronglete vegen fram for gutongen som skulle levera julestomp - eit fint brød - som gåve til Vetle-Ivar i Svarthole som var gudfar til Per i Skrubbenese - ei soge frå ei helt anna tid,.

Måltidet var til ende og så kom Postkoret - det er også tradisjon - og framførde gamalt og nytt - til stor applaus. Marit Follesø takka for maten med velvalde ord, og me takka for skiftet. Så var det kaffe avec og sidan dans til Aksa duo som no er blitt Otto Aksnes solo.

4 kommentarer: