mandag 30. desember 2013

VÅRPROGRAMMET 2014 OG NYTT MEDLEMSBLAD

I desse dagar vert Vårprogammet for 2014 sendt ut i posten. Møtestad er også i år Grand Cafe-og Selskapslokaler, inngang frå Ole Bullsplass, kl 1200 - 1500. Inngangspengar er kr 100,- pr person.

Programmet ser slik ut våren 2014:

Mandag 6. januar - Statsarkivet v/Yngve Nedrebø

Mandag 3. februar - Natteravnene v/Erik Brekke

Mandag 3. mars - Årsmøte

Mandag 7. april - Koret "De lystige Seniorer"

Tirsdag 6. mai - Vårtur til Tysnes, Håheim Gård


I same sending ligg og det nye medlemsbladet "PARAPLOKSEN", medlemsblad for Postpensjonistane i Bergen og Omland. Det har ei tid vore omsnakka å starta medlemsblad og no er første nr sendt ut til alle medlemmene. Innhaldet i bladet er tenkt å vera generell informasjon, reportasjar frå turar, informasjon frå møter, forteljingar frå postsoga og andre soger, litt om aktuelle saker og kva som rører seg i organisasjonen. I bladet vil du finna innhald på nynorsk og bokmål.

Redaksjonen vil gjerne ha tilbakemeldinger om bladet - kommentarar og synspunkter på kva som kan takast med i bladet. Skriv til:

Postpensjonistene i Bergen, Distribusjonsnett Produksjon, Postboks 7980, 5020 Bergen

eller send epost til vaba@online.no

Du kan og ta kontakt med Magnhild Klubben, telefon 9224364, epost: klubben.nils@bkkfiber.no

2 kommentarer: