tirsdag 7. oktober 2014

MEDLEMSMØTET I SEPTEMBER

Mandag den 8. september var det historietime om Espeland Fangeleir - minner frå krigsår til fredstid. Erling Mjelde og Tor Iversen frå Stiftelsen Espeland Fangeleir og Venneforeningen fortalde og synte ljosbilete frå krigsåra og slik leiren er i dag.

 Tema for dagen var ei lokalsoge om vanskelege tider som nokon hugsar godt. Men slike lokalsoger fanns over heile landet, det var over 400 fangeleirar i Noreg under krigen.
 
Og Erling Mjelde fortel:
 
Espeland Fangeleir var bygd i 1942 og skulle ta imot fangar overført frå Ulven og Bergen Kretsfengsel. Det måtte byggjast veg til den aude plassen i Moldelia. Serbiske krigsfangar bygde vegen. Brakkene vart bygde av prefabrikerte delar som kom til Garnes med båt og vart frakta vidare på jernbanevogner til Espeland. Ca 80% av bygningane i leiren er bevarte slik dei opprinneleg var. Kvinnene var samla i eigne brakker, mange sat der som gislar for mannlege slektningar. På Espeland sat det fangar fram til 1952. I åra 1942 - 1945 var det tyskarane som brukte leiren til sine fanger. I denne perioden var 2 200 fangar innom leiren - norske og frå andre tyskokkuperte land. Fangane var ofte i strenge forhør og torturen gjekk føre seg i Gestapohuset i Veiten.
 
Etter krigen vart alt snudd om. Fram til 1951 sat tyske offiserar og nordmenn dømde for landssvik internert på Espeland. Til saman var dei dømde til 1000 års fengsel. Men soninga tok snart slutt, den norske staten ville ikkje fø på dei lenger.
 
 Tre slike vakttårn skulle kontrollera leiren. Og leiren var sjølsagt sikra med gjerde og piggtråd. Likevel klarte ein gjeng med nazistar å røma frå leiren i 1947. Dei tok seg over havet i Sør-Amerika i ein liten båt med namnet "Solbris", den var i tidlegare tider lystbåten til statminister Christian Michelsen. Frå 1952 til 1990 vart leiren brukt av sivilforsvaret til opplæring og lagerdrift. I åra etter fram til 2012 var det stille og roleg, ikkje drift sv noko slag i leiren.
 
Stiftelsen Espeland Fangeleir vart etablert for å sikra historiske verdiar og vidare bruk til museum og kunnskapsformidling til komande slekter. Fangeleirens Venner gjer ein stor innsats for vedlikehald og drift. Kvart år den 8. mai er det markering med talar frå den gamle jernbanestasjonen på Espeland og fredsmarsj til Fangeleiren. Alle er velkomne til å vitja Espeland Fangeleir sundagar kl 1200 - 1500 fram til november. Dugnadsgjengen treng friviljuge som vil ta eit tak, det er berre å melda seg.
 
Takk til eldsjelene Erling Mjelde og Tor Iversen for forteljinga om Espeland Fangeleir, ei lokal krigssoge som den unge etterslekta får kunnskap om gjennom dette arbeidet. 
 
 
 
 
 
 
 

1 kommentar:

  1. Numpang Promo ya Bos
    Welcome
    POKERVITA
    Agen Poker Terpercaya
    BONUS CASHBACK

    Contact Us Person :
    ? LIVECHAT P`O`K`E`R`V`1`T`A
    ? WA: 082312256064
    ? BBM : D88B0154

    SvarSlett