mandag 13. oktober 2014

MEDLEMSMØTE I OKTOBER

Jubileumsåret for den norske grunnlova har vore feira i små og store lag, media, bygd og by. Slik og blant postpensjonistane som dreg på åra og vil skoda attende. Ingen levde då dei store hendingane gjekk føre seg, men me høyrde om alt dette i skulen og i heimane. Me var heldige og fekk ein kunnig mann til å markera hjå oss på medlemsmøtet no i oktober. Professor Frank Aarebrot drog oss med til hendingane i 1814 og 1905. Det var om starten på demokratiet og sjølstende for Noreg.

 61 medlemer var møtt opp for å høyra kva professoren kunne fortelja om desse viktige åra for Noreg. Det heila handla like mykje, eller meir om storpolitikk enn om vesle Noreg si Grunnlov og sjølstende. Han kalla dette to parallelle prosjekt: demokratiseringsprosjektet og sjølstendeprosjektet. I 1814 hadde det vore storkrig i Europa med Napoleon, hans allierte og motstandarar. Sidan Noreg var eit lydrike under Danmark, vart også norske byar og grender råka av Danmark sine fiendar. Det var på havet det gjekk føre seg og engelske krigsskip stengde inne norsk/danske hamner - det vart hunger i Noreg. I denne urolege tida (1812) vart det av nokon teikna eit framtidig Europakart der Noreg var vist fram som sjølstendig stat. Napoleon var slegen ut av den russiske vinteren og det var kaos i Europa. Dette var sjølstendeåret framfor noko, det vart skrive 220 grunnlover, alle små statar ville ha sin fridom. Den norske Grunnlova var eit godt arbeid, den varar enno og fekk si nying dette året.
 
At Danmark miste Noreg til Sverige var sjølsagt politikk blant dei store, kven som var ven/uven med kven.Her var det England og Russland som rådde grunnen. Karl Johan i Sverige ville heller ha Noreg enn Finland, slik vart det og Russland var nøgd med å ha Finnland. Men det vise var at midt i all storpolitikken hadde Noreg stabla på beina ein flokk menn som skreiv Grunnlova så den var fiks ferdig til eigarbytet. Karl Johan var ikkje blid, men lova å vera grei.  
 
I 1905 kom endeleg sjølstendet, men det var og storpolitikk. Mange norske politikarar var eigentleg republikanarar (som t d statsminister Christian Michelsen). Men dei måtte tolma seg. England gjekk inn for norsk sjølstende, men prisen var norsk lojalitet gjennom giftarmål mellom norsk konge og den engelske prisessa Maud. Så kongemakt måtte det bli i denne omgang.
 
Frank Aarebrot kan mykje om politikk og politisk soge, og krydrar forteljinga med slikt som ikkje står i skulebøkene - kvar han no tek det frå.  Ein triveleg sogetime med ein populær professor.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar