mandag 21. november 2016

POSTPENSJONISTANE 40 ÅR JUBILEUMSFEST 4. NOVEMBER 2016

Så var det jubileumsfest. Nesten 80 medlemmer var påmelde til feiringa av Postpensjonistane i Hordaland si feiring av 40 år på Quality Hotel Edvard Grieg på Sandsli. Gjester frå nord og sør og aust var bedne til festen - og dei kom: Marit Langbo frå Landsstyret, Eli Roseth Eik og Håkon Eik frå avdeling Sunnhordland, Harald Ekroll og Nelly Skogstad frå avdeling Sogn og Fjordane. Og så våre lokale gjester: tidlegare terminalsjef Bjørn Myrdal og Wenche Myrdal, og leiar i Postkom/region Vest Anne Åsheim.

Etter ein halvtimes aperitif og godprat i god stemning vart festlyden spelt inn i festsalen til  marsjtonar frå Otto Aksnes, vår faste musikar på mange julemøter. Der var vi benka kring fleire runde bord som var fint pådekka og pynta med blomar. Vår leiar Eli Ludvigsen helsa alle velkomen og var glad for å sjå dei innbedne gjestene og medlemmene. Kveldens toastmaster var Kjell Fossum. Han leia det heile med humor og fast hand. Menyen var det ingenting å klaga på: trerettars med både fisk og kjøt - og søt dessert.Drikke var det rikeleg av. både kvitt, raudt og blankt. Etter velkomstsangen kom det mat på bordet og det var god tid til hyggeleg prat mellom rettane.

Klokka drog seg mot 2100 og det var tid for kulturelt innslag. Postkoret kom med sin reservedirigent Kjell Thorsheim som måtte trå til så og sei på sparket fordi Elin Hestenes måtte melda fråfall. Dei starta med "Sangerhilsen" av Edvard Grieg og så den vakre "Til Østerland vil jag fara". Deretter kom dei lette visene og så vart det juestemning med Jakob Sande sin klassikar "Det lyser i stille grender". Vel fortent applaus til Postkoret som alltid er viljuge til å syngja for pensjonistane.

Det var tid for talar og helsingar. Brigt Skeie snakka om korleis det gjekk til då pensjonistlaget vart stifta. Han var den gongen leiar for Velferdsforeningen Posten som også hadde pensjonistane under sine vinger med turar og pengestøtte. Målet var å få samla dei ymse pensjnistlaga som kom frå den ulike fagforbunda til eitt rike, og slik vart det. Gjestene framførde sine helsingar og jamen hadde dei med seg gåver - både pengar, kunst og litteratur. Bjørn Myrdal takka for eit godt samarbeid med pensjonistane i Bergen Postterminal der pensjonistane dei seinare åra har hatt husrom - kontorplass, møterom og arkiv. Anne Åsheim frå Postkom uttrykte glede over at postfolk som etterkvart pensjonerar seg har ei oppegåande, aktiv og veldriven forening å gå til i pensjonisttilværet.

Så var det dessert og dei siste restane av vin kom i glasa. Johnny Taule takka for maten og både kokk og servitørar fekk vel fortent hyllest. Bordsete vart slutta av med "Skal gamalt venskap kverva burt" og Eli takk Kjell Toastmaster for jobben. Det var tid for Kaffe Avec - og så var det dans og intense samtalar eit stykke inn i natta.



2 kommentarer:

  1. join sekarang dan dapatkan bonus melimpah hanya di wwws128agencom

    SvarSlett
  2. Dapatkan Bonus Rollingan Casino Hingga 0.7%
    Bonus New Member
    Langsung Saja Gabung Dengan Kami www(titik)bolavita(titik)org
    Untuk Info, Bisa Hubungi :
    BBM : BOLAVITA
    wechat : bolavita
    whatup : 6281377055002
    Email : cs@bolavita .com

    SvarSlett